Endeleg, Vestfjordane! 16/07/2011
Eiríkur: Etter motvind og kav var me litt trøytte og leie då me kom til Hólmavík, sjølv om siste dagen vart lett og fin. Så me tok ein fridag, for alle rumpers skyld. Hadde verdsens beste pizza på Café Riis (imponerande kaféliv til ein plass med 380 innbyggjarar å vera..) og chilla med softis på Esso. Men dagen etter satte me kursen mot dei verkjelege Vestfjordane, og hadde tenkt oss over Steingrímsfjarðarheiði (429 moh). Men pga rangling og tidleg solsteik vart det fleire korte netter, og det byrja å tæra på helsa mi. Så me bestemte oss for å spara heia til neste dag, og me fann ein liten holme i ei elv der me slo opp telta for natta. Neste dag var ikkje mykje betre, helsemessig, men me tok nå på heia likevel. Eg kjende i bakkane opp at kreftene var totalt fråværande, og sjølv om det ikkje var sjugt bratt, måtte eg gå store deler av bakken. Men me kom oss opp, og vel oppe på heia dreia vegen meir mot nord, og me fekk vinden i ryggen. Stort sett heile turen har me truffe slik på at me har sykla korte men bratte bakkar opp til heiene, og fått lange, slake bakkar ned. Slik var det her òg, og me fekk omlag 2 mil nedoverbakke - med medvind. Det var utvilsomt eit boost for humøret! Då me kom ned frå heia møtte me den innste og djupaste fjorden på Vestfjordane, Ísafjörður. Ca 1,6 km brei var fjorden ved munninga, og me kunne tydeleg sjå bilar og hus på andre sida. Motivasjonen var derfor ikkje til å ta og føla på når me vende hovuda til venstre og ikkje såg enden av fjorden. Men, me følgde vegen mot vinden og tråkka omlag 15 km inn fjorden. Der kom me til ein varm bekk/myr der einkvan har bygt eit skur og ei laug i bekken. Avgjerda om å slå leir var enkel, og me sat og kokte i "stampen" i fleire timar. 43°c målte me i vatnet. Oppvasken var òg ein smal sak i bekken nerføre. Luksus med varmt vatn lengst uti gokk! Utover kvelden daua vinden heilt ut, og slik heldt vêret seg til og med neste dag. Me hadde grua oss litt til fjordane, med medvind eine vegen og motvind andre vegen. Men me fekk altså heilt vindstille heile dagen. Skya, men opphold og perfekte sykkelforhold. Vegen rundt fjordane er ganske så flat, så me koste oss godt! Då dagen var over hadde me lagt bak oss 95 km veg, men under 25 km i luftlinje. Dagen etter var ikkje betre: 70 km veg, 16 km i luftlinje.. Hurra for parallelle fjordar! Mykje meir kunne vore sagt om vegen og naturen, og ikkje minst det fine vêret - som har vore så fint at me eigentleg trur me berre har innbilt oss det. Men nok får vera nok! No sit me på Ísafjörður, ein by som ikkje ligg i fjorden Ísafjörður, men i fjorden Skutulsfjörður - forstå det den som kan. Her er i underkant av 4000 innbyggjarar, men den kompakte og konsentrerte bebygginga gir kjensle av ein faktisk by, med koselege kaféar og gamle, fine hus. Ísafjörður har forresten islands tøffaste flyplass, innesperra mellom høge og bratte fjell! Sjå eit fly landa her: http://youtu.be/Fv_c6vA8DXE Me kom altså på torsdag, og har vore to netter no. I morgon skal me vidare sørvestover, men me veit ikkje kor langt me syklar om gongen. Iløpet av dei neste dagane har me i vente 1 overgang på 404 meter, og 3 stk på mellom 500 og 550 meter, dei to høgaste er grusvegar, mellom alle overgangane må me ned til havnivå. Hipp hurra! Add Comment Akureyri - Hólmavík 11/07/2011
Rannveig: Itte et par goe fridagar på Akureyri, sykla me 101 km te Varmahlíð, og satte opp teltå på ein liden campingplass hjå ei koselige kåna. Der åd me habbis og bada i ein varme stamp på campingplassen. Neste dag bestemte me oss for å ta buss øve et forhållsvis kjedelikt strekk, te ein plass som hette Staðarskáli, som ikkje va stort aent enn ein essostasjon. Me kom der tilikt på dagen, men pågronn av sterke modvind og trist vêr, tog me oss te rette og telta på ein plen udføre bensinstasjonen. Neste dag, itte nerpakking og frokost, kom me oss 24 km utøve langs Hrútafjörður, før me ga opp kampen mot vinden. Der måtte superlight-telte vårt få låna barduner av Eirik for ikkje å blåsa vekk. Me frøys oss igjønå nåttå og satte på ny kurs mot nord, rett mot den iskalde vinden. Denne dagen sko visa seg å ver nåkkså beinharde. Me sykla 6 mil på grusveiar me bilar som sendte steinsprut, opp ein bratte bakke, ner igjen, opp ein ennå brattare bakke (12% stigning på grus, me gjekk, for å sei d sånn), modvind, kulde og mær modvind. Me håpte å komma oss heilt te Hólmavik, men når klåkkå nærma seg ni, ga me oss for dagen. Trilta syklane av veien, fant ein liden bekk og campa. Itte nok ei kalde nått udi gokk va d nå bare 35 km igjen te Hólmavik, og me hadde fint vêr, så me va framme på et blonk. Her bur me på ein fine campingplass, me har dysjt og bada i byens lokala symmebasseng. Me våkna me å hiva itte pusten i et solsteikt telt, og har nå såde ude og nøde mårningen i sol og varme. D e nå to veger si me kom og joina Eirik, og sjøl om me e noobs, så har d gått bedre enn forventa. Avåte, når du har stiv kuling rett imot, trør allt du kan i fusste gir på fladen, når fingrar og teder dovne i kulden og allt du ser e ein evige oppøvebakke, har du bare lust å legga deg ner i fosterstilling, grina, og håba d bare e ein vonde drøm. Men plutselikt gløtte solå fram, veien vende innøve ein lange fjord me mørkeblå sjø på eina siå og bratte fjellsier på andra siå, vinden pushe deg i ryggen, følelsen i fingranne komme tebage, og på et øyeblikk e allt bra igjen, og du vett at d e verdt d. Monsunregn og Sommarsol 03/07/2011
Eiríkur: Dagen Karl og Rannveig kom vart ein ny fridag, så me kom oss avgarde frå Egilsstaðir sundag 26. juni. Det vart ein hard start for dei to nykomarane, med kald nordavind rett i fleisen. Me var ganske så leie alle mann etter ca 3,5 mil då me var framme ved gardshotellet Hótel Svartiskógur der me var dei einaste teltgjestene. Men servicen der var ubegripeleg, og me vart tekne imot som ein kongefamilie. Me kjøpte oss middag på staden, og på menyen stod heimeslakta lam, krydra med urter frå skogen bak garden. Eg trur me kan seia at smakslaukane våre gjekk heilt bananas. Natta kom med eit regnver som manglar sidestykke, og med 4 grader og bitande nordavind var effektiv temperatur langt under null. Då me våga å stappa hovuda ut or teltet om morgonen var heile åkeren (campingplassen) omvandla til ein mindre innsjø. Heldigvis var me heilt i enden av åkeren, og fekk ikkje særleg med vatn inn i telta. Men planane våre om å halda fram over Hellisheiði Eystri (650 moh) gjekk fort i vasken, og me bestemte oss for å ta det kuli og sjå an vêret. Etterkvart kom hotellsjefen bort og tykte det var fælt me skulle bu i telt i dette driddvêret, så han tilbaud oss ei fin hytte så me kunne sova tørt neste natt. Og dette i tillegg til at me allereie campa til halv pris "pga regnvêret". For nokre folk! Morgonen etter kjøpte me frukost på hotellet, og idét me skulle reisa kom han med ein liter mjølk og ein liter surmjølk til oss! "De må ha dette med dykk på reisa"... Så herved er altså Hótel Svartiskógur i Jökulsárhlíð varmt og hjarteleg anbefalt viss du vil føla deg verkjeleg velkommen og elska! Men pga vêret bestemte me oss for å droppa heile nordaustlandet, og me tok Riksveg 1 raka vägen til Mývatn der me fekk nokre fine dagar. Månadsskiftet kom med eit sårt etterlengta vêromslag, og så snart me hadde fått ned teltpluggane ved Mývatn snudde vinden på sør og dreiv opp temperaturen til 14-15 grader. Karl: Idag er søndag den 3. Juli, og vi sitter på kafé i Akureyri og nyter det å slappe av. Vi, Karl og Rannveig, har nå vært med og syklet i en uke, og gårsdagens batalje viste seg å være ekstra tøff for våre respektive bakdeler. En kan også ta med låra, og ikke minst psyken, i den betraktningen. Turen inneholdt to bakker som begge hadde en stigning på to hundre og femti meter, men de kan ikke måle seg med de siste atten kilometrene frem til Akureyri. Her fikk vi virkelig oppleve hva Island har å by på. Denne gang i form av den kraftigste motvinden vi to har opplevd til nå. Ellers har juli gitt oss mye sol og bra sykkelforhold (vi har faktisk hatt medvind!), og vi kan med stolthet si at vi har prestert å bli solbrente på Island, alle mann. Nå som vi er i en større by bestemte vi oss for at det passer bedre enn noen gang med et pust i bakken. Vi samler energi, vasker klær og kommer til å gå innom noen spesialbutikker for å finne ting som vi savner på turen; det være seg alt fra reservesykkeldekk til en god bok. Buss og latskap 03/07/2011
Det har vist seg å vera vanskelegare enn eg hadde trudd å finna tid til å blogga, så difor har det gått ei stund sidan sist innlegg, men no. Eg visste eg måtte ta buss ein eller to dagsetappar for å nå til Egilsstaðir til Rannveig og Karl kom, men etter at eg oppdaga at Ragnheiður Gröndal skulle ha konsert på Egilsstaðir, vart vêr og natur uinteressant, og eg heiv meg på bussen heile vegen frå Höfn for å nå konserten. Og det var verdt det! Om du ikkje har høyrt henne, så leit på YouTube eller Spotify! Bussturen var enkel og grei, eg hadde gitt beskjed om at eg hadde sykkel og mykje bagasje, så dei stillde med tilhengar bakpå minibussen. Så, plutseleg var eg fleire dagar før planen, og eg byrja å verta kriblen etter å sykla igjen, så eg sykla tur - utan bagasje! Turen gjekk opp ein bratt og lang bakke til ein fjellovergang som heiter Fjarðarheiði. 550 m. høgdeforskjell med 10% stigning store deler av bakken. Det var merkbart at to veker med sykling hadde gitt resultat! Men så, endeleg, kom laurdagen eg hadde venta på, og Rannveig og Karl kom i kvar sin Fokker 50 og gjorde kvardagen min lysare og lettare. Ankomsten vart feira med taco, som forresten passar perfekt som turmat! Aske, regn, vind og gnagsår 21/06/2011
Sånn, no har eg nemnt dei negative tinga. Sidan sist innlegg har eg passert sikkert dei mest keisame strekka på heile turen, Mýrdalssandur og Skeiðarársandur. Dette er ca 140 km med sletter, ørken og flatland. Dei siste 70 kilometrane gjekk gjennom området som vart hardast råka av aska frå vulkanen i slutten av mai. Åkrane og plenane såg grøne og fine ut på avstand, men då eg kom nærmare var det fleire stader mange cm tjukt lag med aske. Heldigvis for meg var det meste av aska våt, men eindel hadde tørka, og særleg ute på Skeiðarársandur, eit "ørken"område sør for Vatnajökull, hadde aska tørka i vinden, og byrja å blåsa rundt. Det var ikkje plagsomt å pusta eller å sjå, men det sette seg i kjettingen og saman med olja vart ho til ein tjukk, ekkel graut. Men det verste med desse slettene er at eg ikkje var nøye nok med å ta pausar, særleg over Skeiðarársandur der eg hadde iskald motvind, og ville helst koma fram så fort som mogleg. Dagen etter vart òg kald og keisam, med yr og skodd og skyer over alt som hadde vore kjekt å sjå på, og eg trødde for lenge utan pausar då òg. Dette skulle eg få svi for, bokstavleg talt. Litt for mange timar på rad for ein litt for utrent bakende vart til eit litt for vondt gnagsår. Og dermed hadde eg fått til det eg prøvde å unngå. Planen for gårsdagen var å campa i nærleiken av Jökulsárlón, men ønsket om varm (ferdig) mat frista nok til å halda meg gåande ei mil til, og det svarte seg! Eg fann, nærast ved slump, Gerði Guesthouse, eit nydeleg gjestehus der eg fekk campa på åkeren rett utføre døra, og nytta meg av alle fasilitetane inne - flott bad, god stove, trådlaust nett, og ikkje minst ein herleg middag (koka saman av ei islending med haugesundsdialekt!). Utsikta var òg formidabel, ut over atlanterhavet i sør, og Öræfajökull (2110 m.) i vest. Ved middagsbordet traff eg eit ekstremt koseleg par frå Boston som til og med betalte halvparten av middagen for meg! Tusen millionar Takk! Så, dagen idag - 21. juni. Pga ovannemnde bakendesår (trass i vaselin og baby-pudder) bestemte eg meg for å ta meg minst ein dag fri. Dette medfører at eg ikkje kan nå til Egilsstaðir før dei to andre kjem utan å ta buss. Så eg ringde og fekk plass allereie idag på ein buss aust til Höfn. Så er spørsmålet kva som skjer i morgon. Eg vil helst at såret skal verta godt igjen før eg syklar, så eg trur eg tar ein fridag til i same slengjen. Eg må då ta buss ein del av turen vidare, men er framleis usikker på kor mykje. Det vil visa seg. Eg har uansett kome fram til at me vidare ikkje vil nøla med å ta buss over dei keisame strekka, for heller å få betre tid til dei områda der det er mykje å sjå! Fridag 17/06/2011
Eg hadde eigentleg skrive eit langt innlegg, men så klikka pc'n, så då vert det eit kort. Igår sykla eg frå Seljalandsfoss til Vík í Mýrdal. Dagen starta greit med medvind ca ei mil. Men idét eg runda ein liten fjellknaus var det som om eg sykla på ein vegg. Frå og med då, og resten av dagen fekk eg ein frisk bris midt i mot. Siste rest før Vík var ein liten haug på 119 moh. MEN bakken opp hadde 12% stigning frå havnivå heilt til topps. Det er 50% brattare enn det brattaste i Rennfasttunnelane det! Så gleda var stor når eg kunne renna ned den mykje slakare og lengre bakken ned til Vík på andre sida. Idag tenkte eg å ta meg ein fridag. Både fordi vêret har vore gale - pøsregn og stiv kuling frå aust, og fordi etter Vík kjem Mýrdalssandur, ei 7 mil lang sandslette utan bebyggelse, og eg vil gjerne koma meg forbi den, sjølv om eg skulle få motvind heile dagen. Myndighetene åtvarar mot å overnatta på Mýrdalssandur, fordi når/dersom Katla får utbrot, er det sannsynlegvis der flaumen vil koma. Så ja, fridag. Nasjonaldag er det òg idag, på Island. Så eg feira med godt marinert lammafilét og jordeple i forteltet mitt. Og apropos forteltet. I dagtidleg tok eg meg ein dusj, og etterpå hang eg handkléet til tørk i teltet. Det har regna heile dagen, men likevel tørka handkléet på berre nokre få timar. Det same med regnjakken min her om dagen. Fantastisk telt! Eureka! Resten av dagen gjekk eg berre og rusla nede på stranda - som forresten kan ta pusten av alle og ein kvar. Jærstrendene? Gå og legg dåkk. Endeleg på veg! 16/06/2011
Turen starta endeleg kvelden 13. juni. Planen for dagen var å starta tidleg, men ulike grunnar medførte at dagen vart både gamal og grå før eg kom meg av stad. Som du forstår kunne eg på ingen måte nå så langt som eg hadde håpa på, så eg slo opp teltet kl 0030 ute i villmarka på fjellovergangen Þrengsli. Neste dag fekk eg ein flying start ned bakkane frå Þrengsli mot låglandet nerføre. Etter ca 13 km kom eg til den første bygda, Eyrarbakki. Dette er ein koseleg plass med ca 600 innb. heilt i fjæresteinane ved Atlanterhavet, med magisk utsikt over havet. Eit skilt fortalde meg at rett sør frå Eyrarbakki ville eg ikkje møtt land igjen før Sørpolen! I eldre tider var Eyrarbakki betydeleg større enn Reykjavík, og det såg lenge ut for at Eyrarbakki skulle verta hovudstaden på Island. Berre nokre få km lenger aust kom eg til Stokkseyri, ei bygd som liknar ganske mykje på Eyrarbakki, og ligg på same måta utstrekt longsmed stranda. Stokkseyri husar omlag 500 innbyggjarar. Både Stokkseyri og Eyrarbakki var viktige fiske- og handelsstader heilt frå rundt år 900, men utpå 1900-talet har fisket forsvunne nesten heilt, og turistnæringa er no den viktigaste. Etter å ha passert Stokkseyri, dreidde vegen vekk frå kysten, og kort etter igjen svingde eg av asfalten over på ein grusveg for å ta ein snarveg opp til Ringvegen der han kryssar over Þjórsá. Dette gav meg ca 20 km på grus, men òg den einaste delen av dagen med medvind! Eg hadde opphald det meste av dagen, men den siste timen byrja det å regna (i tillegg til vinden som blés i trynet mitt). Den varme dusjen på Árhús Camping på Hella var altså svært kjærkomen. Idag, 15. Juni, hadde eg bestemt meg for å ta ein litt kortare dag for å lata bakenden få litt kvile. 36 km høyres ikkje mykje ut, særleg ikkje på flate sør-Island. Men med frisk bris til liten kuling rett imot kan 36 km vera meir enn nok! Så eg enda opp i Hrafnagil, ein campingplass 1 km nord for Seljalandsfoss, ved røtene åt Eyjafjallajökull. Dette er ein flott campingplass med gode fasiliteter og super betjening! Frost og Snjo 10/06/2011
Det var kjekt å lesa dei islandske nyheitene idag. På austlandet har det idag vore snøfokk, og det er snødekke på fleire hovudvegar der borte. Biletet til venstre er henta frå Mbl.is, og vart teke ca kl. 18 idag (9. juni). Etter planen skal eg sykla forbi der laurdag om to veker. To veker skulle jo vera rikeleg for å få vekk snøen, men vêrvarselet for ei veke fram i tid ser ikkje akkurat lovande ut Storm.no spår mellom 1 og 3 grader heile neste veke, kulden vil ingen ende ta! Men vêret på Island er somsagt svikefullt og svingande, så om det er 2 grader ein dag, så kan det vera 15 neste dag. Reknar med ei slik endring før eg inntek området, men eg er takksam så lenge eg får plussgrader! Siste planleggig 02/06/2011
For berre nokre få dagar sidan var det to månadar igjen til turen starta. No gjenstår kun ti dagar. Det er skremande, og utruleg spanande på same tida. Det meste av utstyret er på plass, og det meste ser ut til å vera klart, bortsett frå ein liten ting. Sidan eg vert åleine dei to første vekene, treng eg litt meir plass på sykkelen sidan eg må ta heile teltet, all maten og kokeapparatet åleine. For å løysa dette bestilte eg eit bagasjebrett til sykkeltralla og eit par Ortlieb Front Roller Classic sykkeltasker. Men når pakken kom oppdaga eg at bagasjebrettet mangla. Smell! Mindre enn to veker igjen til avreise.. Heldigvis fekk eg rask og god service hjå Bike Trailer Shop, og dei sende brettet så fort dei kunne. Sist pakke tok 12 dagar frå Arzona til Tau. Bagasjebrettet vart posta 1. juni, som betyr det kjem fram 13. juni om det tek like lang tid som sist.. Det er ein dag for seint! Biletet over (som eg har stôle frå the Bike Trailer Blog) viser ca korleis oppsettet mitt kjem til å sjå ut (taskene mine er sjølvsagt gule, så dei matchar BOB Dry Sak'en!). |



