Endeleg, Vestfjordane! 16/07/2011
Eiríkur: Etter motvind og kav var me litt trøytte og leie då me kom til Hólmavík, sjølv om siste dagen vart lett og fin. Så me tok ein fridag, for alle rumpers skyld. Hadde verdsens beste pizza på Café Riis (imponerande kaféliv til ein plass med 380 innbyggjarar å vera..) og chilla med softis på Esso. Men dagen etter satte me kursen mot dei verkjelege Vestfjordane, og hadde tenkt oss over Steingrímsfjarðarheiði (429 moh). Men pga rangling og tidleg solsteik vart det fleire korte netter, og det byrja å tæra på helsa mi. Så me bestemte oss for å spara heia til neste dag, og me fann ein liten holme i ei elv der me slo opp telta for natta. Neste dag var ikkje mykje betre, helsemessig, men me tok nå på heia likevel. Eg kjende i bakkane opp at kreftene var totalt fråværande, og sjølv om det ikkje var sjugt bratt, måtte eg gå store deler av bakken. Men me kom oss opp, og vel oppe på heia dreia vegen meir mot nord, og me fekk vinden i ryggen. Stort sett heile turen har me truffe slik på at me har sykla korte men bratte bakkar opp til heiene, og fått lange, slake bakkar ned. Slik var det her òg, og me fekk omlag 2 mil nedoverbakke - med medvind. Det var utvilsomt eit boost for humøret! Då me kom ned frå heia møtte me den innste og djupaste fjorden på Vestfjordane, Ísafjörður. Ca 1,6 km brei var fjorden ved munninga, og me kunne tydeleg sjå bilar og hus på andre sida. Motivasjonen var derfor ikkje til å ta og føla på når me vende hovuda til venstre og ikkje såg enden av fjorden. Men, me følgde vegen mot vinden og tråkka omlag 15 km inn fjorden. Der kom me til ein varm bekk/myr der einkvan har bygt eit skur og ei laug i bekken. Avgjerda om å slå leir var enkel, og me sat og kokte i "stampen" i fleire timar. 43°c målte me i vatnet. Oppvasken var òg ein smal sak i bekken nerføre. Luksus med varmt vatn lengst uti gokk! Utover kvelden daua vinden heilt ut, og slik heldt vêret seg til og med neste dag. Me hadde grua oss litt til fjordane, med medvind eine vegen og motvind andre vegen. Men me fekk altså heilt vindstille heile dagen. Skya, men opphold og perfekte sykkelforhold. Vegen rundt fjordane er ganske så flat, så me koste oss godt! Då dagen var over hadde me lagt bak oss 95 km veg, men under 25 km i luftlinje. Dagen etter var ikkje betre: 70 km veg, 16 km i luftlinje.. Hurra for parallelle fjordar! Mykje meir kunne vore sagt om vegen og naturen, og ikkje minst det fine vêret - som har vore så fint at me eigentleg trur me berre har innbilt oss det. Men nok får vera nok! No sit me på Ísafjörður, ein by som ikkje ligg i fjorden Ísafjörður, men i fjorden Skutulsfjörður - forstå det den som kan. Her er i underkant av 4000 innbyggjarar, men den kompakte og konsentrerte bebygginga gir kjensle av ein faktisk by, med koselege kaféar og gamle, fine hus. Ísafjörður har forresten islands tøffaste flyplass, innesperra mellom høge og bratte fjell! Sjå eit fly landa her: http://youtu.be/Fv_c6vA8DXE Me kom altså på torsdag, og har vore to netter no. I morgon skal me vidare sørvestover, men me veit ikkje kor langt me syklar om gongen. Iløpet av dei neste dagane har me i vente 1 overgang på 404 meter, og 3 stk på mellom 500 og 550 meter, dei to høgaste er grusvegar, mellom alle overgangane må me ned til havnivå. Hipp hurra! CommentsLeave a Reply |